tysdag, september 09, 2008

Stolkupp

Her om dagen såg eg biletet over i eit blad. I bileteteksten står det å lese at dei grønne stolane heiter "Kilta", og at dei er designa av den finske interiørarkitekten Olli Mannermaa. Vidare står det at stolane vart sett i produksjon i 1955, og at stolen i 1978 vart teken inn på MoMa i New York.
Fine stolar, tenkte eg.
Enda kjekkare er det at stolane ser ut til å vere identiske med arbeidsbordsstolen min, som kan sjåast på biletet under:

Den kjøpte eg på loppemarked her i Oslo for rundt femti kroner, om eg ikkje hugsar feil. Eg syntes den var stilig, og dessutan vanvittig god å sitte i. Etter litt googling, ser eg at stolen er sett i nyproduksjon, og i dag kan kjøpast for fleire tusen kroner. Eg kjenner at stolen blei enda litt betre å sitte i etter at eg fann ut dette.

2 kommentarar:

Frk. Spik sa...

Sjølv om det er noko vi alltid har visst, så er det ein gang for alle bevist at du har utmerka smak!

ingeborg sa...

Riktig, frk. Spik. Frøkna kunne nesten ikkje fått betre attest på den gode smaken sin eller loppemarknad-kløkta? Gratulerer!