måndag, januar 28, 2008

Karolines 1-årsdag


Kake er godt, spesielt når ein kan sitte oppå kjøkkenbenken og ete med fingrane.

onsdag, januar 23, 2008

Intensiv IKEA-veke

Denne veka har vi endeleg kome i gang med rydde-i-boden-prosjeketet, som vi har prokastinert vekk alvorleg lenge. Etter at den forrige kommoden kollapsa ein gong i sommar/haust, har det nesten ikkje vore mogleg å opne døra inn dit. No er det derimot fantastisk der. Nikolai tok mål og planla heile prosjektet ned til minste tomme i 3D-program, og så bar det til IKEA med handleliste. Det har resultert i at heile resten av leiligheita har vore full av rot frå boden og pappemballasje sidan. I dag har vi fått på plass siste finish. No ventar berre støvsuging av sagflisen som alle IKEA-produkta er fulle av.

sundag, januar 20, 2008

Hei i Heisen

Nikolai for anledningen med veldig stor hake.

Stilig trappeoppgang

Fotogene renseri

Eg synst renseri generelt er veldig fotovenlge. Og vaskeri også. Volvat Rens på Majorstua er ikkje noko unntak.

Søndagsmiddag

Endre inviterte på kvalgryte og kaffi. Vi tok med kjeks. Veldig mett.

Klart for kamp

Nokon har kasta inn hansken.

Søndagsfavorittbok 1

Denne fekk eg av Nikolai til jul. Eg kan sitte i timesvis og bla.

Søndagsfavorittbok 2

Japansk mønsterbok frå Ingeborg. Det kriblar i grafikk-fingrane.

Enten eller

Nye puter

Symeisteren slår til igjen.

laurdag, januar 19, 2008

Store planar natt til lørdag

Kåre meiner hans, Erlends og Nikolais discopopharmoniband The Author kjem til å bli store i 2008. Dei må berre møtast for å diskutere beats litt oftare. Erlend føyde til at dei kanskje måtte diskutere chords også. Nikolai oppsummerte med at dei kanskje generelt måtte øve.

Blitz-eksperimentering

Eg fekk ny blitz til kameraet til jul. Det betyr blitz-eksperimentering. På det øvste biletet er blitzen i taket. På det nederste er blitzen fyrt av frå golvet. Sistnemnde blei faktisk betre enn eg hadde trudd. Eg trudde at å blitze nedanfrå og opp ville gje ein lommelykt-under-haka effekt.

sundag, januar 13, 2008

Langsom søndag

Etter eit halvt år i India, dukka Sigurd opp på Torshov med ryggsekk både på ryggen og magen natt til lørdag, slik han har for vane å gjere etter sine avsindig lange utanlandsopphald. Etter ei hard natt til søndag, har søndagen hovudsakleg blitt brukt til frukosteting, og til å ligge i senga og høyre på Sigurd som les høgt frå Engrish.com. Det kom ikkje som nokon overrasking at søndagsmiddagen vart henta på Dolly Dimples.

Her er nokre latterhøgdepunkt:
Extraordinary telephone
Dolphin
Protecting the act of terrorism
Get in the way
Execution

Eit nattleg nederlag


Etter ein lang lørdag med jobb, kafebesøk, fotballkamp, middagsgjestar, vorspiel og øl på Teddys Softbar, klarte eg å miste ned pizzastykket mitt på Seven Eleven på veg heim klokka tre om natta. Utan å ha ete så mykje som ein bit. Det føltes som eit nederlag. Sigurd og Nikolai berre lo. Det heile endte med brødskiver heime på kjøkkenet. Sigurd er veldig entusiastisk over å ete norske brødskiver igjen.

torsdag, januar 10, 2008

Farvel sosialdemokrati

I dag har eg skrive ferdig sak om at prosjektet med å få i gang ein ny nasjonal kulturbåt ser ut til å gå i grus. For å illustrere artikkelen tok eg ein tur til Bjørvika og fotograferte opphavet til det heile: teaterbåten Innvik. Eg synst det er litt trist at den ligg i Bjørvika, og ikkje fartar rundt i vestnorske farvatn lenger. Kva skjedde med den gode sosialdemokratiske målsettinga om å spre kunst og kultur til folket? Som nabo til Operaen i Bjørvika er båten eit eksotisk innslag, fordi den er eit teater i ein båt. Ved kai i Solund er den derimot eit kultur-innslag, fordi det ikkje er andre måtar å få teater dit på enn nettopp med båt.

måndag, januar 07, 2008

Den som rydder finn

I dag har eg rydda i biletearkivet. Der var det mykje moro.

sundag, januar 06, 2008

Sjølvsydd kjole

Denne kjolen sydde eg heilt sjølv til Karoline til jul. Eg blei reint forbausa over kor enkelt det er å sy etter mønster. Ein sy-episode i 7.klasse har skremt meg frå å prøve, etter at eg gjekk friskt ut og skulle sy mine eigne dongeribukser. Prosjektet gjekk godt heilt til eg kom til glidelåsen. Då gjekk alt skeis. No tenker eg: Kvifor syr vi ikkje alle kleda våre sjølve?

Nikolai

Søndag

Naboen har fått seg piano. Det snør. Nikolai jobbar med film, så eg går søndagstur aleine.

torsdag, januar 03, 2008

Tilbake i Oslo

Sidan førjulstida blei tilbragt aleine i Askvoll, tviheld eg no på etterjulstida, og nektar å kaste ut bjørkegreinene med julepynt på. Det hjelper på julestemninga at det har begynt å snø også.

tysdag, januar 01, 2008

Godt nyttår!