Søndagstur til Selje


I dag har vi køyrd flyttelasset til Endre til Selje. Desverre gløymde vi å fotografere både flyttinga og Selje, og tok først fram kameraet på ferja Anda-Lote på veg heim igjen. Det einaste beviset vi har for at vi i det heile har vore i Selje, er ei kvittering på ein svinedyr middag på Selje Hotell.






Eg har besøk av pianokameraten. Han improviserar sangar om Balder. "The dog he loves babies, because they throw him food."














Pappa ser på EM. Vi andre drikk rødvin. Mamma sine føter har tydelegvis ein tendens til å dukke opp over alt.
I hagen i Askvoll ligg eit lite hus vi kallar småhuset. Det har stått tomt så lenge eg kan hugse, og i løpet av åra har eg vore årlege turar innom på leiting etter skattar i form av bøker, sjømannspostkort eller farmors gamle koppar. Etterkvart står det som eit større og større mysterium for meg at ikkje mamma og pappa set i gang med å pusse opp småhuset til ein enkel standard, slik at det går an å bu der.
Postkort til farmor frå eksotiske stadar:
Attgløymde kleshengarar i eit skap med farfars gamle arbeidsstøvlar:
Eg er optimistisk, og meiner småhuset kan bli eit veldig fint lite krypinn:
Postkort til pappa frå sjømanns-Johan, eksmannen til tanta mi. Bakpå stod det følgande å lese: "Buenos Aires 3/4-60. Hallo Kjell! No sender eg deg ei lita helsing etter gamalt. Eg sit på sjømannskyrkja og skriv. Eg kjem heim i august, og då får du ha båten og fiskereiskapen klar, elles vert det synd i deg, din skoddegauk! Ha det kos, helsing sjørøvaren Johan."
Brudepar. Tjukke slekta?








































































