tysdag, september 30, 2008

Ny blogg! Ny adresse!

Etter fleire år med blogger som trufast rasteplass, har eg no avansert til ny, heilt heimelaga blogg.

Nikolai har vore webmaster og eg har vore webdesignar. (Eg vil ha det sånn. Eg vil ikkje ha det sånn. Kan eg få det sånn?)

Herligheita finn de på www.rockenbom.com

Farvel bilete-foglen. Velkommen Rockenbom!

torsdag, september 25, 2008

Kveldspiknik på Hovedøya


Etter jobb reiste vi med piknikkorg og parkteppe til Hovedøya. Der hadde vi ei kveldstom strand heilt for oss sjølve medan sola gjekk ned bak holmane i Oslofjorden.

Siste båt til Vippetangen

sundag, september 21, 2008

Båtsøndag


Ida har kjøpt seg seglbåt. Vi gler oss til kvitvin, reker og å dyppe tærne i lunka saltvatn frå Hovedøya neste sommar. Inntil vidare går vi rundt og ser på båtar.

Luftig søndag

sundag, september 14, 2008

Bittesmå bananer

Søndagsfrukost med vaffeldessert hos Svein Olav. Desse bananene er verkeleg knøttsmå.

Sinsen-gjengen


Forsøker å sjå skumle ut på veg til haustutstillinga. Lykkast ikkje så veldig godt.

På bolleslaberas med Karoline

Loppemarknadlaurdag

fredag, september 12, 2008

Kaffipause

Pause i intervju-utskriving. Bolle og kaffi på Åpent bakeri på Sandaker. Hurra for Åpent bakeri på Sandaker.

I nabolaget, fredag formiddag

Blomsterbutikken på Torshov har lagt ned! Oslos minste og mest innhaldsrike blomsterbutikk, med blomster heilt opp til taket og dampande sveitt atmosfære, med lang kø framfor disken og ein vanvittig hyggeleg og veldig feminin, utanlandsk innehavar som ikkje ein gong heldt stengt i påska eller jula. No er det stengt. Kva kjem i staden? Enda ein eigedomsmeklar? Eller hudpleiesalong, som ser ut til å vere den nye landeplagen? (til min store glede ser eg at Eie eigedomsmeglar har lagt ned kontoret sitt på Sagene. Jippi. Få inn ein skikkelig butikk der!).

Ute på vift

Sko og skjerf frå Beijing. Fine.

Sperrmüll

Gjekk forbi dette klassiske sperrmüll-lasset i dag, og tenkte at det kanskje er på tide med ein Storcash-reunion? Synst å hugse at Sperrmüll var ein av dei beste Storcash-låtane. Eller kanskje eg tar feil. Kanskje skal eg finne fram Storcash frå CD-hylla og ta eit gjenhøyr. Kanskje bør eg ta ein øl først.

tysdag, september 09, 2008

Hurra!

Ja! Eg har kjøpt meg nytt objektiv til kameraet mitt. Eit herlig 28 mm fastobjektiv som tar slike herlige bilder. Eg har sjølvsagt sett i gang med å prøve det allereie.

Objektivet har stor blendaropning, og dermed er det lettare å få til dei fine, uskarpe bakgrunnane. Herlig herlig.
Så glad er eg for nytt objektiv:

Stolkupp

Her om dagen såg eg biletet over i eit blad. I bileteteksten står det å lese at dei grønne stolane heiter "Kilta", og at dei er designa av den finske interiørarkitekten Olli Mannermaa. Vidare står det at stolane vart sett i produksjon i 1955, og at stolen i 1978 vart teken inn på MoMa i New York.
Fine stolar, tenkte eg.
Enda kjekkare er det at stolane ser ut til å vere identiske med arbeidsbordsstolen min, som kan sjåast på biletet under:

Den kjøpte eg på loppemarked her i Oslo for rundt femti kroner, om eg ikkje hugsar feil. Eg syntes den var stilig, og dessutan vanvittig god å sitte i. Etter litt googling, ser eg at stolen er sett i nyproduksjon, og i dag kan kjøpast for fleire tusen kroner. Eg kjenner at stolen blei enda litt betre å sitte i etter at eg fann ut dette.

sundag, september 07, 2008

Fest hos Hedda og Milton

fredag, september 05, 2008

Luftig

Kveld på hytta

onsdag, september 03, 2008

Fjelltur


Kveldssol og utsikt til Aurlandsfjorden.

Pust i bakken

Tur til Bakka

Mandag drog vi på biltur til den vesle bygda Bakka i Nærøyfjorden, der litt av slekta kjem frå. Vegen ut dit vert rast ned eit par gangar i året, omtrent, men no har bygdafolket fått seg tunnel. I allefall på delar av vegen.

Gamle hus og bratte fjell. Og ei steintavle frå Unesco som slår fast at kulturlandskapet i Nærøyfjorden er av uvurderleg verdi for menneskeætta. Slå den!

tysdag, september 02, 2008

Hyttehelg

Vi forskøyv helga litt, og leigde oss bil og køyrde til hytta i Aurland på god, gammaldags hyttetur i den siste resten av sommarvarme i fjellet.

Balder vil ikkje heim

Då vi kom til hytta søndag, skulle mamma, pappa og Balder snart reise heim. Dei blei med på starten av fjellturen, men då dei snudde for å gå heim, ville Balder mykje heller bade og grave etter mus enn å sitte i bilen til Naustdal.

Dermed stakk han like godt av, og lata som han ikkje kunne høyre (noko han temmeleg ofte ikkje kan, forsåvidt).
Eg likar dette bildet, der Balder har stukke av frå mamma og pappa, og sprunge tilbake til meg og Nikolai. Balder er entusiastisk, medan Nikolai peikar at han skal gå tilbake igjen:
Som om hunden forstår peiking.